Fausko Gjestegard i Hemsedal søker dyktig og stabil kokk på full tid frå 1.1.2022.
Fausko er ein veletablert og attraktiv gjestegard for bryllup, konferansar, jubileum, vennelag, event, konsertarrangement, samt den årlege musikkfestivalen Fauskivalen.
Lokal mat for globale ganar!
På Fausko serverer me solid mat laga frå botnen, så langt som råd med gode og friske råvarer frå bygda og fjellheimen. Ein del dyrkar me i eigen kjøkkenhage og ein del kjem frå kvalitetsbevisste lokale leverandørar. Me er opptatt av å ta vare på lokale mattradisjonar, og har eigen produksjon av bakst, spekemat, safting, sylting, øl, snaps, og foredling av eigenfiska fjellørret. Me hentar også inspirasjon frå verdas mange gode smakar. Samstundes er me opptatt av ernæring og helse, og tilbyr gjerne våre gjester menyar med spesielle matomsyn og ynskje.
Team og gode kollegaer
Me kan tilby eit lite, men flott kollegateam, ein spanande og variert jobb, rikeleg med utfordringar og gode utviklingsmogelegheiter.
Som tilsett på Fausko må du vera innstilt på å samarbeide med ulike fag - og også i ledige periodar kunne vera villig til å påta deg arbeid utanom ditt eige fagområde. Me er eit lite team og er avhengige av kvarandre og å lyfte i flokk. Fausko bygger også nytt moderne storkjøkken i 2022.
Fritid og realiseringa av eigne interesser
På Fausko kan du ta fine turar i nærområdet og det er kort veg til høgfjellet. Det er fin tilgang til elv og innsjøar. Frå Fausko kan spenne på deg langrennsskia for milevis med skispor eller rando-utstyret for flotte toppturar. Det er 3 km alpinsenteret med tilgang til skibuss.
Har du eigne interesser/kompetense som f. eks. guiding, fjellføring, skiundervisning, mat og produktutvikling, yoga, andre ting, som du har lyst å trekke med deg til Fausko, så er det gode mogelegheiter for både å realisere og utvikle interesser og evt. kunne stå for kurs og akitivitetar for både gjester og tilsette.
100 % stilling og leiligheit
Fausko Gjestegard opprettar ny 100 % stilling. Me ynskjer at du kan vera fleksibel på arbeidstidene, tilpassa vår arrangementsdrift. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og i team. Me kan tilby leiligheit på garden, nær arbeidsplassen.
Ut over dette forventar me at du som kokk er motivert for å samarbeide med kjøkkensjefen og å jobbe med kvalitet og utvikling. Me ser gjerne at du har interesse for lokal matkultur og tradisjonar, og i tillegg er opptatt av sunn og næringsrik mat.
Løn og arbeidsvilkår fylgjer overenskomst mellom NHO Reiseliv og LO/Fellesforbundet.
Ser du deg sjølv som vår nye kollega, høyrer vi gjerne frå deg! Ta gerne kontakt for mere info til Jeanette@fausko.no / 94796368 - www.fausko.no