Førde
Om Jobzone Førde
Som medlem av den landsdekkande Jobzone-kjeden har Jobzone Førde ein stor og profesjonell organisasjon i ryggen. Jobzone Førde dekker Sogn og Fjordane.
Vi tilbyr alle rekrutterings- og bemanningstenester og vi som jobbar her har lokal forankring, og kjenner miljøet, menneska og vår lokale marknad. Det gir tryggleik både for jobbsøkarar og kundar. Tor Starheim er dagleg leiar i Jobzone Førde.
Fleksible bemanningsløysingar
Næringslivet krev i dag fleksible bemanningsløysingar. Jobzone Førde kan levere medarbeidarar til både korte og lange vikariat innanfor dei fleste bransjar. Jobzone Førde kan også vere rådgjevar i rekrutteringsprosessen ved faste tilsettingar. Vi ynskjer å vere en sparrings- og samarbeidspartnar ved alle personalspørsmål – du betaler først når din nye medarbeidar er på plass.
Ein engasjert arbeidsgjevar
Jobzone har ein visjon om å vere den beste arbeidsgjevar i bemanningsbransjen. Visjonen inneberer at Jobzone jobbar tett mot kundar og vikarar, og har høg grad av tilgjengelegheit under heile oppdragsperioden. Kvar kunde og vikar har ein personleg konsulent. Det betyr at Jobzone har det fulle arbeidsgjevaransvaret for løns- og personaladministrasjon i heile oppdragsperioden.