For stillinga som housekeeper vil arbeidsoppgåvene vera reinhald og bestå av vask og støvsuging av hus og rom før og etter arrangement, pålegging og avtaking av sengetøy, periodevis grundigare vask, ordne med vasketøy (ikkje sengetøy) og stryke. Bistå med frokostservering sundag morgon/formiddag, evt. andre dagar. Andre oppgåver kan vera å hjelpe til med borddekking og servering.
Som servitør med ansvar/hovmester har me behov for ein med overordna ansvar og overblikk på våre arrangement. Denne personen må vera innstilt på å jobbe laurdag kveld og natt. Som servitøransvarleg må ein vera sørvisinnstilt og naturleg vennleg og imøtekomande i møtet med gjester, og kunne meistre å vera løysingsorientert og bidra til å halde god stemning - også når det er litt stressande. Type oppgåver for den servitøransvarlege:
- Kontakt med toastmaster/brudepar + ansvarlig leiar (Knut/Jeanette)
- Overblikk og kontroll med festprogrammet og instruks/vegleiing av ungdommar (servitørar)
- Leie og fordele arrangementets arbeidsoppgåver og sjølv delta
- Ansvar for klargjering av bar, bardrift + instruks til andre medhjelparar over 18 år
- Lukking av bar, rydding og lukking av selskapslokale (Låven)
- Kassetelling og oppgjer
Stillinga kan vurderast delt mellom 2 personar og er i fyrste omgang tidsbegrensa i 3 månadar (01.8 - 30.10) med gjennomsnittleg 37 timar pr. veke, samt med muligheit for forlenging. Arbeidstida vil vera både på dagtid og laurdag kveld og natt til arrangementet er slutt. Søkjar må vera fleksibel på arbeidstida, då oppgåvene kan vera meir hektiske til tider. Rette vedkommande må ha auga for detaljane og forstå Fausko sin stil og stemning. Me legg vekt på å dele våre verdiar med gjestene, og ynskjer at du som medarbeidar også er bærar av våre verdiar. I tillegg til å vera interessert, ansvarsfull, sjølvstendig, fleksibel, flittig og utviklingsorientert.
Fausko Gjestegard vil være behjelpeleg med leiligheit i nærheiten - enkel standard.
Ser du deg sjølv i denne stillinga, er du velkommen til å sende ein søknad med CV direkte til vertskapet på Fausko Gjestegard. Send til: Jeanette@fausko.no. Dersom spørsmål ring Jeanette på 947 96 368